torsdag 17. januar 2013


Napoleon Bonaparte


Napoleon vart fødd inn i ei avgjerande tid for både Europa og resten av verda. Ein revolusjon i dei britiske koloniane i Nord-Amerika skulle omsider føre til ein blodig revolusjon i Frankrike. Demokrati, maktfordeling og folkesuverenitet var no kome på bana, noko som monarkia i Europa såg på som ein trussel for den eineveldige makta deira. Frankrike bana veg for demokrati i Europa etter den blodige revolusjonen frå 1789 til 1799, men vart møtt med krigserklæringar frå dei andre stormaktene, samt at dei sjølv ønska å spreie prinsippa frå den franske revolusjon og ta att ein del tapte område . Dei franske troppane møtte hard motstand rundt om på dei forskjellige frontane, og det var da Napoleon viste seg som ein dyktig feltherre. Seinare skulle denne feltherren vise seg å å vere så dyktig at han kunne ta makta i Frankrike. Han skulle koma til å transformere Frankrike om til eit keisarrike som skulle vise seg å bli ei stormakt som Europa knapt hadde sett etter Karl den Store. Gjennom Napoleonskrigane skulle Europa få ein heilt ny utsjånad, der grunnlaget for noko av det Europa vi har i dag skulle bli forma. Men alt endte med at Napoleon vart forvist til St. Helena, der han brukte sine siste dagar på å skrive memoarar, før han døydde einsam i 1821. Men sjølv om Frankrike gjekk attende til monarki etter 1815, så var likevel røtene for demokrati, fridom og folkesuverenitet planta rundt om i Europa, og mannen som spreidde dei, var heller ikkje gløymt; keisar Napoleon Bonaparte.


Napoleon Bonaparte på hesten Marengo, som vart oppkalla etter slaget ved Marengo 14. juni 1800.
Marengo var ein arabarhest som Napoleon tok med seg attende til Frnakrike etter felttoget i Egypt i 1798.
Arabarhesten Marengo vart vissnok 38 år, og var med Napoleon på alle dei store slaga slik som for eksempel
Austerlitz og Waterloo. Han var også med til Russland under felttoget i 1812. Marengo vart skada 8 gongar
på slagmarka, men kom seg att alle gongane. Etter Waterloo vart Marengo teken av britane, og sjeletta er i
dag å finne på eit britisk museum.



Kort biografi
Napoleon vart i 1769 fødd på øya Korsika som ligg litt sør for Frankrike. Det same året vart øya seld til Frankrike frå den italienske staten Genova, som ein del av ei avtale mellom desse to landa. Her vart Napoleon fødd inn i ein søskenflokk på til saman åtte. Familien Buonaparte (Napoleon forandra etter kvart etternamnet så det skulle bli meir fransk) vart sett på som ein rik familie blant dei andre korsikanarane, men samanlikna med dei rike familiane på det franske fastlandet, så vart dei sett på som fattige. Napoleon vart først sendt på kadettskule, og krigsskulen i Paris i 1784. Her spesialiserte han seg innan artilleri, og lærte allereie her om den avgjerande rolla artilleri kunne ha på slagmarka. Året etter vart han løytnant i artilleriet.

Den franske revolusjonen startar
Etter at den franke revolusjonen braut ut den 14. juli 1789 vart Napoleon ein del av den nyleg oppretta revolusjonsarmeen. I 1794 utmerka Napoleon seg ved at han slo engelskmennene i den franske byen Toulon sør i landet. Etter dette vart han brigadegeneral, og seinare general. Han er den yngste som har fått tittelen general i ein alder av 24. Etter at Maximilien Robespierre og terrorstyret hans i 1794 vart styrta og Robspierre vart henretta, tok Direktoriet (ei gruppe på 5 mann) over styringa av landet. No vart Napoleon brukt til å kjempe mot monarkistane, og vart kjent for å ha slege ned eit monarkistopprør i Paris.

Øverstkommanderande over dei franske styrkane i Nord-Italia
I 1796 vart Napoleon sendt til Nord-Italia for å ta kontrollen over den franske hærane som slost mot Austerrikarane, det same året som han vart gift med Joséphine Beauharnais. Den franske armeen var i dårleg stand, men Napoleon forbetra forholda og gjorde armeen meir kampklar enn nokon gong før. Gjennom ei rekkje slag greidde «den lille Korporalen» som han vart kalla av soldatane sine, å slå styrkar frå Kyrkjestaten og Austerrike. Etter ei fredsavtale med Austerrike fekk Frankrike ei rekkje område, blant anna Belgia og alle austerrikske område vest for Rhinen.

Militærekspedisjon til Egypt
I 1798 fekk Napoleon gjennomslag frå Direktoriet for at han skulle leie ein militær ekspedisjon til Egypt for verne om Franske handelsinteresser, og for å minimere den britiske tilgangen til India. På turen til Egypt erobra han Malta, som seinare vart teke av britane. Etter å ha landa i Alexandria erobra han ei rekkje område rundt, samt at han slo både mamelukkane og tyrkarane. På den militære ekspedisjonen hadde Napoleon teke med seg ei rekkje vitskapsmenn, som gjorde store funn slik som Rosettasteinen. Rosettasteinen kunne brukast til å oversetje hieroglyfar, og er difor eit av dei viktigaste funna i Egypt. Britane blanda seg etter kvart inn sidan dei ville sikre interessene sine i området. Dette førte til at den britiske flåten under leiing av kontreadmiral Horatio Nelson øydela store delar av den franske flåten under slaget på Nilen i 1798. Napoleon erobra område heilt opp til Syria, men den franske hæren måtte etter kvart trekkje seg attende mest på grunn av sjukdom. Napoleon vendte i 1799 attende til Paris, men den franske hæren, Armée d'Orient, vart verande i Egypt heilt til 1801, da dei omsider måtte kapitulere mest på grunn av ein sjukdomsepidemi. Både i Nord-Italia og i Egypt tok Napoleon med seg kulturelle skattar attende til Frankrike, men i Egypt fekk han ein mamelukk til livvakt som vart med han attende til Frankrike.


Napoleon ved Sfinksen under felttoget i Egypt.
Det skal visstnok vere ein segn som seier at Sfinksen manglar nase fordi Napoleon
 beorda soldatane sine til å bruke han som blink, men dette er nok ikkje meir enn eit segn.



Statskuppet
Da Napoleon kom attende til Paris, så nytta han sjansen til å gjennomføre eit statskupp. Napoleon sin aukande popularitet, samt nettverket hans med forskjellige referansar, gjorde det mogleg å gjennomføre eit statskupp i 1799. Med dette statskuppet enda han den franske revolusjonen, og innførte eit stabilt styre. Den nye styreforma skulle vere konsulat, der Napoleon var førstekonsul saman med to andre konsular. Desse to andre konsulane hadde i praksis liten makt. Etter ei folkeavstemming vart det bestemt at han skulle vere førstekonsul i ei periode på 10 år. Nå innførte Napoleon ei rekkje lovar og reformer som reformerte Frankrike og forbetra systemet.

Førstekosul på livstid, fred i Europa
Etter å ha marsjert med sin hær over Alpane nok ein gong, slo Napoleon Austerrikarane og Pavestaten. No kunne Napoleon administrere omtrent heile Italia som han ville, utan at Austerrike kunne blande seg inn. Og med erobringa av Kyrkjestaten, så vart det bestemt at Napoleon skulle peike ut biskopane, samt at katolisismen ikkje var statsreligionen i Frankrike, men religionen til fleirtalet. Med denne fredsavtala vart det i 1802 bestemt at Storbritannia også skulle slutte fred. No var det endeleg fred i Europa. Gjennom napoleonskrigane så var det berre i 1802 det var fred. No byrja Napoleon å administrere og innføre sosiale reformer, blant anna innan utdanningssystemet. Gjennom å innføre desse reformene nytta Napoleon sjansen til å halde ei folkeavstemming om han skulle vere første konsul ut heile livet, eller berre på periodar på 10 år. På grunn av Napoleon sin aukande popularitet vart det vedteke at han skulle vere første konsul på livstid.

Krig med Storbritannia
I 1803 planla Napoleon i all hemmelegheit å trene ein hær som omsider skulle invadere England. Dette vart seinare avlyst, da Nelson øydela den franske flåten under slaget ved Trafalgar i 1805. I 1803 selde også Napoleon Lousiana-territoriet til det unge USA. Dette var eit stort område vest for USA som Napoleon hadde fått attende frå Spania. Han skjønte fort at han ikkje kunne forsvare dette området mot britane, og selde det difor til USA. Salet av dette territoriet dobla storleiken på USA, og utgjer i dag ein tredjedel av USA, samt at Napoleon fekk ganske mange millionar i forteneste som han kunne bruke til å finansiere krigar. Seinare braut det ut krig mellom Storbritannia og Frankrike etter britane sitt brot på fredstraktaten. Brotet handla for det meste om Malta, men britane tok aldri denne fredsavtala på alvor.

Code Napoléon, keisar og meir krig
I 1804 innførte Napoleon formelt sin Code Napoléon. I denne lovsamlinga blir dei gamle privilegia frå tidlegare tider omskrive og gjort slik at dei er fordelaktig for store delar av befolkninga, og ikkje berre ein mindre elite. Her blir også personleg fridom, retten til privat eigedom og likheit for lova teke med. Skilsmisse blir også teke med. Lovsamlinga vernar om eigedom, men gjorde kvinner om til andregrads innbyggjarar. Etter ei folkeavstemming i 1804 vart det vedteke ei lov som sa at Napoleon skulle bli keisar. Dette gjorde at han kunne krone seg sjølv til keisar, og Joséphine til keisarinne i desember 1804. Mange meinte at denne kroninga var rett, medan andre meinte at Napoleon no berre vart ein av dei fleire eineveldige kongane i Europa. Denne kroninga skremte kongane rundt om i Europa, noko som gjorde at det snart vart danna ein 3. koalisjon mot keisar Napoleon.


Kroninga 2. desember 1804. Her ser vi Napoleon som kronar Joséphine til keisarrinne.
Napoleon krona også seg sjølv. Paven var til stades, men hadde ikkje noko makt over kroninga.




Meir siger på slagmarka
I august 1805 vart austerrikarane og russarane med britane i krigen mot Napoleon. Napoli og Sverige vart også med. Men Napoleon sin internasjonale hær, Grande Armée, gjorde det mogleg for Napoleon å verne om interessene sine, men og for å utvide riket sitt. Men i oktober vart den fransk-spanske flåten øydelagt av den britiske flåten under leiing av admiral Nelson. Dette franske nederlaget gjorde at engelskmennene no vart herrar på havet, noko som dei skulle bli i lang tid framover. Men Napoleon var herre på fastlandet. I november gjekk Napoleon inn i Wien og okkuperte den austerrikske hovudstaden. Den 2. desember møtte Napoleon austerrikske og russiske styrkar nord for Wien, ved landsbyen Austerlitz i dagens Tsjekkia. Dette slaget vart kalla trekeisarslaget sidan Napoleon, den russiske tsaren Aleksander 1. og Frans den 2. av austerrike og den heilage tyske riket var tilstades under slaget. Napoleon vann dette slaget, ein siger som blir rekna for å vere ein av dei største sigrane hans. Sjølv om Napoleon sin hær (72 000) var mindre enn den russiske og austerrikske (85 000 til saman) så greidde Napoleon likevel å vinne. Napoleon mista 1 300 og fekk nesten 7000 skada, medan Austerrike og Russland fekk 15 000 døde eller skada, og 12 000 vart tekne til fange av Napoleon. Men sigeren var likevel bittersøt, for det var først etter at han hadde vunne dette slaget, at han fekk vite resultatet av slaget ved Trafalgar.

Sigeren sette ein effektiv stoppar for den 3. koalisjonen. Dessutan vart det heilage tyske riket, som eigentleg var ei laus samanslutning av dei tyske småstatane som var styrt av Frans den andre, oppløyst i 1806. Det heilage tyske riket vart i staden erstatta av Rhinen konføderasjonen, som var ei samanslåing av tyske statar aust for Rhinen. Konføderasjonen var i grunn ein vasallstat under Napoleon, og gav Napoleon ein strategisk fordel på austfronten.

Før Napoleon oppretta Rhinen-konføderasjonen, så byrja han å sette familiemedlemmar på tronar rundt om i Europa. Broren Josef vart konge av Napoli, og broren Louis var konge av kongedømme Holland. Med danninga av Rhinen konføderasjonen i juli 1806 vart det nokre dagar seinare danna ein fjerde koalisjon mot Napoleon. Denne koalisjonen besto av Prøysen, Russland og Storbritannia. Prøysen gjekk etter kvart inn i Rhinen-konføderasjonen. Da Napoleon tok kontroll over Grande Armée i Tyskland, så slo han Prøysen i slaget ved Jena. Dette gjorde at han i oktober kunne gå inn i Berlin. Prøysen var okkupert i mange år, og måtte betale høge krigserstatningar.

Kontinentalblokade og gjenoppretting av staten Polen
I Berlin så vart Napoleon sin kontinentalblokade kunngjort for første gong. Sidan den franske flåten hadde vorte øydelagt i slaget ved Trafalgar, så måtte Napoleon finn ein annan måte å ramme Storbritannia på. Kontinentalblokada gjekk ut på at det europeiske fastlandet skulle stengje ute Storbritannia frå all handel, for så å tvinge britane i kne økonomisk. Alle okkuperte område, og område som anten låg under Franskrike direkte eller indirekte, skulle slutte seg til denne blokada.

I desember 1806 gjekk Napoleon inn i Polen, som den gongen ikkje var ein eigen stat, men var delt mellom Prøysen, Russland og Austerrike. Mesteparten låg under Prøysen. Her traff han på russarane mange gongar, og fekk til slutt til å vinne eit avgjerande slag, som førte til freden i Tilsit i juli 1807.Her vart det bestemt at Russland også skulle føye seg etter kontinentalblokaden. Det vart også bestemt at Polen skulle bli oppretta som ein sjølvstendig stat under namnet Hertugdømmet Warszawa. Ved å gjere dette fekk Napoleon nok ein alliert i aust, men han hadde også vorte overtala av den polske grevinne Walewska, som han seinare fekk eit barn med. Under fredsavtala vart Napoleon god venn med tsar Aleksander 1. Dei byrja etter kvart å leggje planar for korleis dei skulle dele Europa mellom seg.


I november 1807, med hjelp frå Spania, gjekk Napoleon inn i Portugal og okkuperte landet slik at dei også skulle føye seg etter kontinentalblokada. I byrjinga av 1808 okkuperte Napoleon også sin allierte Spania. Grunnen til dette var at den spanske kongefamilien og regjeringa var svake, og greidde difor ikkje å oppretthalde kontinentalblokada. Denne okkupasjonen gjorde sitt til at det vart mykje opprør rundt om i Spania. Napoleon sette broren sin Josef på den spanske krona i Madrid, og sette i staden inn marskalk Murat, som vart gift med søstera til Napoleon, Caroline, på trona i Napoli. Men Josef måtte etter kvart evakuere frå Spania på grunn av den aukande motstanden mot fransk styre. Sidan dei franske styrkane i Spania sleit med å slå ned alle opprøra, så tok Napoleon sjølv kontrollen over hæren i Spania og gjenerobra Madrid i desember 1808.

Geriljakrig på den iberiske halvøya
Etter å ha gjenerobra Spania vendte Napoleon attende til Frankrike. Ein femte koalisjon vart i 1809 sett i gang av Storbritannia, Austerrike og Spania. Desse landa skulle setje i gang ein «frigjeringskrig» mot Napoleon. Den britiske hæren under leiing av Arthur Wellesley drog nå til Portugal for å frigjere Portugal og Spania frå Frankrike. I mai 1809 annekterte Frankrike Kyrkjestaten og Roma. Napoleon hadde sagt at han ville innlemme kyrkjestaten i det franske riket. Som eit svar på dette prøvde paven å ekskommunisere (stengje ute) Napoleon frå kyrkja. Napoleon svarte på dette med å annektere Kyrkjestaten og tok paven til fange. Det at Napoleon tok paven til fange gjorde sitt til at dei katolske spanjolane fortsette å utkjempe geriljakrigen in (uttrykket gerilja stammar frå denne perioda når spanjolane svarte på den franske okkupasjonen med små, men konstante opprør).

Meir krig og eit nytt ekteskap
Napoleon møtte austerrikarane på slagmarka og slo dei nok ein gong. Austerrikarane vart tvinga til å godta ei sviande fredsavtale, der dei måtte gje frå seg område til Frankrike sine allierte og Frankrike sine vasallstatar, samt at dei måtte betale krigserstatning til Napoleon. I desember vart Napoleon nøydt til å skilje seg frå Joséphine, sidan ho ikkje kunne gje han ein mannleg tronarving. Joséphine var ikkje i stand til å produsere meir barn, noko som gjorde at dei måtte skiljast. I staden skulle Napoleon i april 1810 gifte seg med den austerrikske prinsessa Marie-Louise som eit ledd i fredsavtala mellom Frankrike og Austerrike. Dette ekteskapet skapte midlertidig fred og vennskap mellom Frankrike og Austerrike. Napoleon den andre vart fødd i 1811, og fekk tittelen Konge av Roma.


Napoleon sitt rike på sitt største i 1812. 



Felttoget i Russland i 1812
Etter at Napoleon og Louis hadde vorte ueinige i 1810, så måtte Louis abdisere frå den nederlandske trona. Nederland vart i staden annektert av Frankrike, og nokre månader seinare vart også nokre nord-tyske område på grensa til Danmark annektert av Napoleon. Tsar Aleksander hadde etter kvart fått auka mistillit til Napoleon, og braut i desember 1810 med kontinentalblokada. Storbritannia var ei stor importør av korn, noko som Russland desperat trengde. Dette førte til at allianse mellom Russland og Frankrike vart brote, og Napoleon ville ha hemn for sviket. Frå januar til desember 1811 byrja Napoleon å førebu seg til å invadere Russland.

I mai 1812 vart den sjette koalisjonen av Russland og Sverige danna, med støtte frå Storbritannia og Spania. Napoleon hadde i 1810 sett feltmarskalk Bernadotte på den svenske trona. Dei to hadde heile tida vore ueinige, dels på grunn av forskjellige meiningar, men også fordi Bernadotte var gift med Napoleon sin tidlegare forlovde Désirée Clary.

I juni 1812 kryssar Grande Armée Niemen-elva, og byrjar med det det russiske felttoget. Etter fleire mindre trefningar med russarane, vann Napoleon omsider eit stort slag, Borodino, og vann mykje viktig område, men til ein høg pris av menneskeliv. I september nådde Grande Armée fram til Moskva. Men byen var heilt tom, men franskmennene slo seg likevel ned i hovudstaden. Etter kvar byrja byen å brenne. Russarane hadde teke i bruk brent jord sin taktikk. Dei hadde trekt seg attende, og sett fyr på byen. Dette tvinga Napoleon til trekkje seg attende. Matmangel, mindre russiske angrep samt den russiske vinteren gjorde sitt til at det vart store franske tap. Da Grande Armée gjekk inn i Russland, besto hæren av omtrent 650 000 soldatar, av dei var det mindre enn 100 000 som kom attende til Frankrike. I desember drog Napoleon attende til Paris for å byggje opp forsvaret mot angrepa frå dei fiendtlege nasjonane som ville komme. Feltmarskalk Murat tok over kontrollen over Grande Armée slik at Napoleon kunne vende attende til Paris.



Napoleon sitt russiske felttog i 1812.
Den harde russiske vinteren kravde mange liv, samt at russarane sin brente jords taktikk gjorde ikkje tilværet betre.
Da Napoleon kom fram til Moskva stod byen i brann. Napoleon kunne ikkje gjere anna enn å trekkje seg attende.



Folkeslaget ved Leipzig
I februar 1813 inngjekk Russland og Prøysen ei avtale der Russland skulle hjelpe Prøysen med å vinne attende alle område sine som dei mista ved freden i Tilsit i 1807. Dette førte til at Prøysen erklærte krig mot Frankrike. Samstundes hadde Wellington god framgang i Spania, og slo dei franske styrkane som var leidd av Josef Bonaparte. I oktober var det eit stort og avgjerande slag ved Leipzig som fekk namnet «Folkeslaget.» Her møtte Napoleon styrkar frå Austerrike, Prøysen, Russland og Sverige. Her møtte Napoleon blant anna Bernadotte, som tidlegare var ein marskalk under Napoleon. Ved dette slaget tapte Grande Armée, og måtte trekke seg attende til Frankrike i eit forsøk på å forsvare hovudstaden. No mista Napoleon all kontroll i Tyskland. I november fekk Napoleon eit forslag frå den austerrikske statsmannen og diplomaten Metternich som gav keisar Napoleon ei moglegheit til å kapitulere, men Napoleon nekta å godta dette forslaget.

Abdisering, eksil og Wienerkongressen
Frå januar til mars 1814 gjekk det allierte felttoget inn i Frankrike. Napoleon kjempa innbitt for å forsvare Frankrike, men dei allierte styrkane var for mange. Etter kvart byrja nokre av marskalkane han å kapitulere, og til og med å hoppe over til dei allierte, der i blant Murat. I mars inngjekk dei allierte ei avtale om at Storbritannia, Austerrike, Prøysen og Russland skulle vere alliert i 20 år, i tilfelle Frankrike skulle få så stor makt att. Ikkje lenge etter kryssa Wellington og den spansk-britiske hæren grensa i sør-vest Frankrike. I april måtte Napoleon abdisere til fordel for sonen sin. Avtala gjekk da ut på at Napoleon skulle vere i eksil på den vesle øya Elba utanfor den italienske vestkysten. Her skulle han bu medan han mottok faste «stipend» på ein viss pengesum, noko som han aldri fekk. Napoleon fekk også behalde tittelen keisar. Kona og sonen til Napoleon søkte tilflukt i Austerrike. Napoleon såg dei aldri meir. No vart monarkiet gjeninnført i Frankrike med Ludvig den 18. på trona, samstundes med at dei franske grensene frå 1792 vart gjenoppretta. I september starta Wienerkongressen, som skulle gjenopprette og regulere dei politiske grensene rundt om i Europa. Her vart nasjonale idear hardt slege ned på, noko som kom fram i opprør og krig i dei følgjande åra. Metternich vart ein stor aktør innan Wienerkongressen.

Attervending til Frankrike og meir krig
Etter å ha vore i fangenskap på Elba ei stund, fekk Napoleon høyre om at det franske folket ikkje var fornøgd med dei eineveldige monarkiet under Ludvig 18., og at mange ville at det skulle vere som før, med Napoleon som keisar. Dette, blanda med Joséphine sin død og fleire mislykka attentatforsøk på Napoleon, gav Napoleon styrke til å vende attende til Frankrike. I all hemmelegheit flykta han frå Elba og gjekk i land i det sørlege Frankrike i mars. Med seg hadde Napoleon nokre få trufaste soldatar. Ludvig 18. fekk snart nys om at Napoleon hadde gått i land, og sendte difor eit regiment for å stoppe han. Dette regimentet stilte seg opp og var klar til å skyte mot Napoleon og soldatane hans. Da gjekk Napoleon av hesten sin, og gjekk heilt aleine fram til soldatane. Så sa han «Her er eg. Viss det er nokon som vil drepe keisaren sin, så la han gjere det.» Soldatane la ned våpna sine og ropte «Lenge leve keisaren!» Dei tok i mot Napoleon som ein helt, og vart med i den personlege hæren hans. Nokre dagar seinare nådde dei Paris, der Napoleon tok kontroll over Frankrike att. Her vart Napoleon møtt med store folkemengder som ønska han velkommen attende. Ludvig den 18. hadde flykta frå landet. Ikkje lenge etter gjenoppretta Napoleon ein stor hær som var klar til kamp. Stormaktene frå Wienerkongressen, Storbritannia, Russland, Austerrike og Prøysen kunne ikkje godta dette. Dei gjenoppretta difor alliansa, og forplikta seg til å setje 150 000 soldatar kvar ut på slagmarka.

Slaget ved Waterloo
Napoleon hadde no samla ein hær på 200 000 mann. Napoleon følgde taktikken sin og skulle vere den første til å gå på offensiven. Han kryssa difor grensa og gjekk inn i Dei sameinte kongerike Nederlandane (som Nederland og Belgia vart heitande etter Wienerkongressen) i dagens Belgia, for å møte dei allierte styrkane. Her hadde Storbritannia og Prøysen kvar sin hær, den britiske under leiing av feltmarskalk Wellesley og tyskarane under leiing av feltmarskalk Blücher. Den 18. juni 1815 møttest desse styrkane ved landsbyen Waterloo sør for Brüssel. Dei franske styrkane på 72 000 mann, dei britiske var 68 000, dei prøyssiske på 50 000 mann, som gjorde at talet på allierte styrkar var på 118 000 mann. Tidlegare på dagen hadde Napoleon slege den tyske hæren. Det gjorde at han gjorde ein fatal feil; han delte opp hæren sin slik at den eine skulle forfølgje den tyske hæren medan den andre delen skulle kjempe mot britane. Den britiske hæren klarte å halde ut mot dei franske styrkane heilt til den tyske hæren kom for å hjelpe dei. Den tyske hæren greidde å miste forfølgjarane sine for så å vende attende til slaget for å hjelpe britane. Det at Napoleon måtte kjempe mot to hærar, samt at det hadde regna dagen før slik at det var vanskeleg å flytte kanonane, gjorde sitt til at franskmennene tapte. Det at Napoleon også var sjuk gjorde at han ikkje kunne delta like mykje i leiinga av soldatane sine som i tidlegare slag. Nokre av feltmarskalkane under han tok også initiativet til å angripe når det ikkje passa etter det Napoleon hadde planlagt, noko som da øydela planane til Napoleon.

Napoleon kunne no ikkje gjere anna enn å trekkje seg attende til Paris med garden sin. Dei allierte kunne no nok ein gong gå inn i Frankrike, sidan den franske hæren hadde vorte så spreidd etter slaget ved Waterloo. Napoleon måtte nok ein gong abdisere, og det eineveldige monarkiet under Ludvig den 18. vart gjeninnført i Frankrike. I oktober vart Napoleon sendt i eksil til øya St. Helena ein stubb utanfor vestkysten til Afrika.


Slaget ved Waterloo 18. juni 1815.
Her kan vi sjå den britiske "square formation" som var særs effektiv mot det franske kavaleriet.



Eksil og død på St. Helena
Til St. Helena fekk Napoleon med seg ei lita men trufast gruppe av nokre tilhengjarar. Her brukte han den meste av tida til å skrive memoarar. Napoleon hadde vorte kjend med ein familie på øya, og da spesielt med dottera på 14 år. Han brukte mykje tid på å fortelje ho om alt han hadde opplevd, og ho lytta ivrig, og ho skreiv difor ei bok om dette seinare. Men i 1818 måtte denne familien reise frå øya. Den britiske guvernøren som hadde fått i oppgåve å passe på Napoleon var ikkje særleg begeistra over oppgåva, og behandla difor Napoleon hardt. Men Napoleon nytta også sjansen til å irritere denne britiske guvernøren.

Helsa til Napoleon vart berre verre og verre. Den 5. mai 1821 etter å ha vore dårleg i ei lang periode, døyde Napoleon i senga si 52 år gamal. Dei siste orda hans var «Frankrike, hæren, hæren sitt overhovud, Joséphine.» Dødsårsaken var magekreft, sjølv om det lenge var spekulert i arsenikkforgifting, men denne teorien vart endeleg avvist i 2008. Napoleon vart gravd ned på øya, sjølv om det siste ønsket hans var å bli gravlagt ved Seinen i Paris.

Attervending til Paris for siste gong
I 1840 byrja kong Ludvig Filip å bli redd for å miste makta. Det hadde allereie vore ein revolusjon i 1830, og han frykta meir enn noko anna at det skulle komme ein til. For å lette på stemninga så ville han føre attende leivningane til ein av Frankrike sine store heltar til heimlandet. Han fekk etter kvart lovnad frå britane, og leivningane vart ført attende til Frankrike med skip. Da levningane til Napoleon kom attende til Paris så vart det halde ein statsgravferd, der det var eit likfølgje rundt om i Paris. Levningane vart verande i St. Jérômes kapell i Paris fram til 1861. Da vart dei gravlagt i ein sarkofag under kuppelen på Les Invalides. No fekk Napoleon endeleg det siste ønsket sitt oppfylt; å bli gravlagt i hjartet til folket sitt.


Napoleon sin sarkofag i Les Invalides i Paris.
Napoleon fekk til slutt sitt siste ønske oppfylt; å bli gravlagt i hjarte til folket sitt.


Samtidige idear og samfunnsforhold

Frankrike hadde delteke militært i den amerikanske uavhenigheitskrigen frå 1775 til 1783. Frankrike hadde tapt alle koloniane sine i Nord-Amerika til Storbritannia i Sjuårskrigen frå 1754 til 1763, og ville gjere alt for å skade koloniane til Storbritannia, sjølv om det betydde at det vart oppretta ein stat i Nord-Amerika. Frankrike støtta USA finansielt og militært, og hadde det ikkje vore for Frankrike så ville nok britane greidd å slå ned opprøret. Men krigen hadde kosta, og det franske folket opplevde hungersnaud. Kongefamilien og adelen merka ikkje noko av dette, sidan dei levde i stor velstand som overgjekk alle andre franskmenn. Men no hadde den franske befolkninga fått nok. Etter mønster frå den amerikanske uavhengigheitskrigen så starta dei sjølv ein revolusjon med storminga av Bastillen den 14. juli 1789.

Napoleon deltok i ei avgjerande tid for Frankrike, men også ei avgjerande tid for resten av Europa. Den blodige franske revolusjonen med slagord som «fridom, likheit og brorskap» gjorde sitt til å forme Napoleon sine idear og meiningar. Han hadde sett kor urettferdig eit eineveldig monarki med ei elitegruppe og ei fattig befolkning kunne vere. Napoleon var ein ivrig deltakar i revolusjonsarmeen, og var blant anna tilstades når Ludvig den 16. vart halshogd. Samstundes var Napoleon oppteken av ideane til Rousseau og Montesquieu, og han var oppteken av ideane frå revolusjonen. Men Napoleon var også oppvaksen i opplysningstida, og såg difor på kunnskap som eit heilagt emne. Spesielt fag som geografi, historie og matte sette han høgt.

Da Napoleon nytta seg av den tilstanden Frankrike var i og tok makta i 1799, så hadde han heile tida i bakhovudet det han hadde lært frå den franske revolusjonen. Men Napoleon var likevel skeptisk til eit fullstendig demokrati, og ville i staden ha ein hierarkisk samfunnsmodell som var basert på autoritet frå øverst på pyramida og tillit frå den nedre delen. For å få til dette måtte det vere ein sterk og dyktig leiar øverst på pyramida. Sjølv om han var ein militærdiktator, så prøvde han heile tida å forbetre forholda til innbyggjarane. Han hadde forstått at ved å betre forholda til innbyggjarane sine, så auka han velstanden og økonomien til landet. Opposisjon og opprør var store utfordringar som sette kjeppar i hjulet for økonomi og stabilitet. Med Code Napoléon og andre reformer så betre han forholdet til folk flest og la grunnlaget for stabilitet blant folk, men også ein stabil økonomi. Napoleon hadde samstundes grensa trykkjefridom og hadde sett i gang eit effektiv politivesen som kunne beskytte interessene hans. Men dette var vanleg rundt om i Europa i samtida.

Napoleon var også framfor si eiga tid. Han hadde klart for seg eit Europakart der gamle nasjonar skulle oppstå att, og nye skulle formast. Napoleon var heilt klart inspirert av dei gamle erobrarane slik som Aleksander den Store, Cæsar, Karl den Store og Fredrik den Store. Han hadde teke dei beste ideane frå alle erobrarane og brukte dei i den moderne verda hans. Napoleon sin ekspertise på slagmarka gjorde det mogleg for han å sette ideane sine ut i livet. Og med siger på slagmarka så vart det skapt popularitet heime og blant soldatane, som gjorde at han lett fekk det som han ville. Det at popularitet hadde så mykje å seie kjem av at befolkninga i denne tida hadde sterkt behov for ein sterk figur som kunne leie nasjonen.



Napoleon i samtida og ettertida

Napoleon er ein heilt særeigen person i historia. Han viste seg først fram på slagmarka som eit heilt utmerka leiar og strateg. Alle desse sigrane på slagmarka gjorde at Napoleon var frykta rundt om i Europa, men han vart også sett på som ein konkurrent blant dei andre generalane og feltmarskalkane heime i Frankrike. Arthur Wellesley, feltmarskalk og seinare britisk statsminister, var ein gong spurt om kven som var den beste generalen i historia. Da sa han: «I fortida, nå og i framtida; Napoleon.» Napoleon sin taktikk har vorte studert i mange år etter, og blir framleis studert ved krigsskular rundt om i verda.

Seinare viste Napoleon seg også som eit dyktig og sterk leiar, samstundes som at han var ein dyktig samfunsreformator. Han var difor elska av landsmennene sine, til tross for at krigane ofte kunne bringe med seg store tap i form av menneskeliv. Napoleon utgjorde etter kvart ein så stor trussel for dei andre landa i Europa at dei måtte bøye seg i støvet for han. Men opposisjonen var heile tida til stades, og koalisjonar for å stoppe Napoleon sin framrykking vart heile tida oppretta når dei følte at tida var riktig. Makta som Napoleon fekk gjekk etter kvart til hovudet hans. Etter at han vann slaget ved Austerlitz i 1805 så følte han at han kunne utrette kva som helst, og det var da ambisjonane hans tok ei heilt ny vending.

Mykje av det Napoleon utretta kan vi sjå att i ettertida. Her kan det nemnast at Code Napoléon kan vi framleis sjå att i Frankrike i dag. Ikkje alt etter punkt og prikke, men det grunnleggjande frå lovsamlinga. Dette kan vi også sjå i nabolanda til Frankrike, der Napoleon fekk mest innverknad. Det er land som Nederland, Belgia, Luxembourg, det vestlege Tyskland, Sveits og Italia. Napoleon innførte også metersystemet som når han tok makta i 1799. Det metriske systemet hadde vorte utarbeidd under Ludvig 16. og vart brukt av nasjonalkonventet under revolusjonen, men vart ikkje formelt måleeininga før Napoleon tok makta. Napoleon kvitta seg også med pudderparykken innan politikk og militæret, noko som spreidde seg til resten av Europa. Pudderparykken, som hadde vore eit symbol på høg status, vart no erstatta med vanleg stutt hår, og gjorde difor folk meir like. Pudderparykken vart seinare berre brukt av dommarar i domstolar.

Napoleon gjorde også sitt til å skape nasjonalkjensle i både Tyskland og Italia. Han gjorde det i Tyskland ved å å oppløyse det heilage tysk-romerske riket som var styrt av ein austerrikar, og i staden samle dei til Rhinen konføderasjonen. I Italia skapte han nasjonalkjensle ved å samle dei italienske småstatane til eit land som han gav namnet kongerike Italia. Ved å gjere dette planta Napoleon ideen om eit samla Italia hjå italienarane, noko som vart ein realitet i 1861. Tyskland vart samla ikkje lenge etter, i 1871.

Napoleon sin omrokkering på regentar gjorde også sitt til at det vart forandringar i ettertida. Ved å setje feltmarskalk Bernadotte på den svenske trona kunne Bernadotte skifte side og gå med på den allierte sida mot Napoleon. Ved å delta i kampane mot Napoleon kunne Bernadotte, eller Karl Johan gjere krav på Noreg, sidan Danmark-Noreg hadde vore alliert med Napoleon. Napoleonskrigane og dei nye prinsippa om likheit og fridom frå den franske revolusjonen gav Noreg moglegheit til å skrive ei grunnlov i 1814 som auka den norske nasjonalkjensla. Hemmelege avtalar med tsar Aleksander 1. gjorde det mogleg for Russland å invadere Finland i 1808 og innlemme det i det russiske riket. Finland, som til da hadde vore under svenskane, fekk ikkje sjølvstende før i 1917. Napoleon sin gjenoppretting av Polen som ein sjølvstendig stat auka den polske nasjonalkjensla og gav dei trua på at dei kunne bli sjølvstendige. Difor blir Napoleon nemnt i den polske nasjonalsongen.

Napoleon hadde også stor innverknad utanfor Europa. Ved å selja Lousiana-territoriet til USA fordobla han storleiken og gav amerikanarane eit maktgrunnlag for vidare ekspansjon. Når Napoleon okkuperte Spania så fekk dei spanske koloniane i Sør-Amerika fritt spelerom til å kjempe for sjølvstende utan at spanske styrkar blanda seg inn. Den franske kolonien Haiti nytta sjansen under den franske revolusjonen til å kjempa om sitt eiga sjølvstende. Dei franske styrkane som passa på kolonien vart anten drepne eller tekne til fange. Napoleon hadde korkje tid eller behov for å halde på den franske kolonien, og godkjende difor sjølvstende i 1804. Haiti vart såleis den første svarte republikken, samt at den haitiske revolusjonen var den einaste vellykka slaveopprøret som førte til danninga av eit sjølvstendig land.

Da Napoleon var i Egypt, så fann vitskapsmennene hans Rosettasteinen som gjer det mogleg å oversetja hieroglyfar. På turen til Egypt okkuperte dei franske styrkane Malta i Malta i 1798. Ved å okkupere Malta kasta Napoleon ut Johannittarordenen, eller Maltesarordenen, som hadde styrt Malta sidan 1530. To år seinare, i 1800 overgav franskmennene seg til engelskmennene, som hærtok Malta. Dei brukte øya som ei flåtebase og ein forsyningshamn fram til Malta fekk sjølvstende i 1964. Som ein del av forhandlingane ved Wienerkongressen fekk Storbritannia også Kappkolonien i Sør-Afrika, som dei hadde teke frå nederlendarane i 1806. Napoleon la også planar om ein kanal frå Raudehavet til Middelhavet, som vart til Suezkanalen i 1869. Etter det franske nederlaget ved Trafalgar så vart den britiske dominansen på verdshava garantert i mange år framover.


Kvifor det er viktig å ha kunnskap om Napoleon

Som vist ovanfor fekk Napoleon konsekvensar i samtida, men også i ettertida, ikkje berre i Europa, men også andre stader i verda. Napoleon tok makta i krigsherja stormakt og gjorde det om til ei stormakt som Europa knapt hadde sett sidan Karl den Store. Gjennom sine ambisjonar og målbevisstheit, revolusjonerte han den franske krigsmaskina og gjorde ho om til den mest profesjonelle krigsmaskina i Europa. Han tvang alle fiendane sine i kne, og vart keisaren over store delar av Europa. Men som med alle andre store militære leiarar gjekk makta til hovudet hans, og ved invasjonen i Russland i 1812 så mista den franske hæren så mange menn at det skulle ta mange år før hæren var skikkeleg på fote att. Men likevel er Napoleon den einaste som har nådd fram til Moskva.

Sidan det nå er slik at det er sigerherrane som skriv historia, så har Napoleon ofte vorte framstilt som ein uviktig tyrann. Det stemmer at han er grunnen til at mange folk døydde, spesielt i det russiske felttoget i 1812, men med taktikkane på slagmarka den gongen så måtte ein rekne med å miste ein del soldatar. Han har også ofte vorte samanlikna med Hitler. Det stemmer at Hitler brukte mange av Napoleon sine strategiske idear, slik om å for eksempel angripe Russland. Men Napoleon representerer likevel ein motpart; Napoleon spreidde prinsippa frå den franske revolusjonen til landa han okkuperte, og hadde ingen planer om å utrydde folkegrupper som ikkje var «reine» slik som Hitler gjorde. Dessutan var eit av dei sentrale prinsippa i Code Napoléon religionsfridom, og det er også sagt at Napoleon håpa å overtale jødar til å komme og bu i Frankrike, og fjerne dei religiøse og sosiale hemmingane ved å likestille dei med resten av folket.

Som eit forsøk på å uskadeleggjere Napoleon, framstilte ofte engelskmennene Napoleon med karikaturar. Her vart han da ofte framstilt som ikkje særleg høg, som i eit ledd i å uskadeleggjere han. Dette, samt komplikasjonar mellom fransk meter og britisk fot, har gjort sitt til at Napoleon har vorte framstilt som kortvakse også i framtida. Men sannheita er at Napoleon var 169 cm, noko som var over gjennomsnittet på denne tida.

Napoleon som ein samfunnsreformator og ein feltherre vil heile tida bli sett opp til, og blir i dag sett opp til av både politikarar og studentar ved forskjellige krigsskular rundt om i verda. Ved å forandre Europa på den måten han gjorde har han for alltid gjort seg gjeldande i historia, og vil heile tida bli hugsa for det han gjorde.


Kjeldevurdering

Dette er eit emne som interesserer meg mykje, så difor har eg lese ein del om dette og henta mykje informasjon frå forskjellige stader. Etter kvart så blir det mykje informasjon å halde styr på, så difor fann eg ei tidsline over viktige hendingar som eg brukte for å rangere hendingane i kronologisk rekkjefølgje. Denne sida var svært god, og har eit godt samandrag over alle dei historiske hendingane. Eg merka at det var eit årstal som var feil, men elles var denne nettstaden eit godt verkemiddel for å ramse opp det eg kan om dette emnet. I tillegg til denne nettstaden, brukte eg diverse wikipediaartiklar for både å dobbelt- og kryssjekke det eg viste frå før, men og for å legge til passande informasjon. Wikipedia er ein nettstad der ein kan logge seg inn og redigere det som står, så eg hadde i bakhovudet at eg måtte ta det som stod med ei klype salt, men det eg las, stemte overeins med det eg har lese andre stader, pluss at dette er eit emne som mange veit mykje om, og det er med på å sikre kvaliteten. Eg brukte også Store Norske Leksikon, som er kvalitetssikkra, og gjev difor god og solid informasjon. Bileta er funne på google biletesøk. Biletet i bakgrunnen er frå slaget ved Austerlitz, og der kan vi blant anna sjå Bernadotte i midten og Napoleon til høgre. Her kan ein også sjå den karakteristiske "sola over Austerlitz."



Napoleon på St. Helena.
Her brukte han den siste tida til å skrive memoarar, og døydde til slutt einsam den 5. mai 1821.


5 spørsmål om Napoleon og napoleonskrigane

  1. A) Skriv stikkord for korleis det var mogleg for Napoleon å ta makta i Frankrike i 1799. Ta med bakgrunnen hans, men også dei forskjellige felttoga.

    B)Forklar korleis samtidige idear påverka Napoleon. Ta også med korleis Napoleon bygde opp det politiske systemet sitt og korleis det fungerte.

  2. Drøft kva det hadde å seie for Frankrike sin posisjon i Europa etter at Napoleon vart første konsul, men også kva det fekk å seie for innbyggjarane.

  3. Napoleon sitt russiske felttog blir ofte sett på som vendepunktet for Napoleon. Forklar kvifor Napoleon gjekk til angrep på Russland med ein så stor hær. Kvifor gjekk det gale? Korleis opna dette nye moglegheitar for resten av koalisjonslanda som eigentleg var slege av Napoleon?

  4. Napoleon forandra Europa, men også verda for ettertida på mange forskjellige måtar. Skriv eit kort samandrag av dei viktigaste tinga. Kan vi for eksempel sjå noko av dette i Noreg? Kva for nokre land fekk sjølvstende under Napoleon, og kven fekk sjølvstende etter hans død i 1821? Kva fekk napoleonskrigane å seie for maktbalansa i Europa?

  5. Gje eit stutt referat frå da Napoleon flykta frå Elba og tok makta i Frankrike til slaget ved Waterloo. Korleis var det så lett for Napoleon å ta makta i Frankrike? Kva kunne vore gjort annleis frå Napoleon si side under slaget ved Waterloo? Drøft moglege konsekvensar for Frankrike og dei allierte viss Napoleon hadde sigra ved Waterloo.