torsdag 17. januar 2013

5 spørsmål om Napoleon og napoleonskrigane

  1. A) Skriv stikkord for korleis det var mogleg for Napoleon å ta makta i Frankrike i 1799. Ta med bakgrunnen hans, men også dei forskjellige felttoga.

    B)Forklar korleis samtidige idear påverka Napoleon. Ta også med korleis Napoleon bygde opp det politiske systemet sitt og korleis det fungerte.

  2. Drøft kva det hadde å seie for Frankrike sin posisjon i Europa etter at Napoleon vart første konsul, men også kva det fekk å seie for innbyggjarane.

  3. Napoleon sitt russiske felttog blir ofte sett på som vendepunktet for Napoleon. Forklar kvifor Napoleon gjekk til angrep på Russland med ein så stor hær. Kvifor gjekk det gale? Korleis opna dette nye moglegheitar for resten av koalisjonslanda som eigentleg var slege av Napoleon?

  4. Napoleon forandra Europa, men også verda for ettertida på mange forskjellige måtar. Skriv eit kort samandrag av dei viktigaste tinga. Kan vi for eksempel sjå noko av dette i Noreg? Kva for nokre land fekk sjølvstende under Napoleon, og kven fekk sjølvstende etter hans død i 1821? Kva fekk napoleonskrigane å seie for maktbalansa i Europa?

  5. Gje eit stutt referat frå da Napoleon flykta frå Elba og tok makta i Frankrike til slaget ved Waterloo. Korleis var det så lett for Napoleon å ta makta i Frankrike? Kva kunne vore gjort annleis frå Napoleon si side under slaget ved Waterloo? Drøft moglege konsekvensar for Frankrike og dei allierte viss Napoleon hadde sigra ved Waterloo.

3 kommentarer:

  1. Då instruksane for prosjektet klårt og tydelig sa at 3 spørsmål skulle bli laga (og svara på) vel eg å ekskludere nokre av dei. Du har laga 5 spørsmål (nesten tre gonger fleire medrekna alle problemstillingane) - i tillegg har du skrive ei alvorleg(!) lang tekst. Det blir lagt opp til at ein skal bruke mykje tid på dette, eigentlig meir enn nødvendig. Eg svarar berre på 3 spørsmål. Rett skal vere rett... Men creds for solid arbeid!

    2.
    At Napoleon tok makta bidrog etterkvart til ei ending på den franske revolusjonen. For nasjonen Frankrike kunne interne splittingar og uro erstattast med fred og oppbygging. Då Napoleon gjorde dette på ein heilt ny måte, kunne landet hans nå både utvendig og innvendig framstå med ein formidabel prakt. Med ein mektig hær samt alliansar med andre maktar, kunne Frankrike rykke opp på maktstigen i Europa etter stadige krigar. Inne i landet naut folk av reformer som sikra dei rettar dei ikkje hadde hatt før. Friheten blei større enn før. Likevel skal det nemnast at det ikkje blei nokon særleg likestilling for kvinnene samt at Napoleon si slekt dominerte makta. Men med utgangspunkt i tanken om autoritet frå oven og tillit nedanfrå var intensjonen god. Ellers i Europa fekk også dei allierte av Napoleon sin del av godane.

    3.
    På denne tida førte Napoleon ei kontinentalblokade mot erkefienden Storbritannia. Med aukande usemjer rundt om i Europa blei den russiske Tsaren etterkvart veldig misnøgd med keisaren. Dette skulle munne ut i at han braut med samarbeidet om blokaden fordi dei hadde behov for dei ressursane dei blei hindra i å skaffe.

    Dette tenkte ikkje Napoleon noko særleg om og derfor gjekk han inn for hemne dette sviket. I løpet av 1812 gjekk han inn i Russland med eit enormt felttog. Men til tross ein og annan siger gjekk mangfaldige liv tapt av ulike årsaker. Etterkvart kom Napoleon fram til Moskva, men då russarane sette fyr på byen (brent jord-taktikk) blei ei tilbaketrekking det beste alternativet.

    På dette felttoget hadde keisaren rett og slett teke seg vatn over hovudet – i blinde. Fordi all makten og sigeren rett og slett hadde gått til hovudet på han, fekk han stortrua på at dette angrepet skulle kunne gjennomførast. Då hadde han ikkje regna med ei rekke faktorar som Russland hadde å by på. Etter nederlaget trakk han seg tilbake til Frankrike kor han sette igang førebuinga på eit angrep på fiendtlige statar. Det at Napoleon hadde gått inn for ein så aggressiv handling må ha svekka populariteten hans blant dei andre landa. Fiendane hans kunne bruke dette imot han og dermed skape større alliansar. For dei landa som såg seg undertrykte av Frankrike, kunne no få sin mogligheit til å hevde seg igjen. At Napoleon nå hadde ei redusert oppslutning er ein årsak, men at han hadde mista store delar av hæren sin måtte også ha hatt sitt og si for at han blei truga av fiendane sine.

    SvarSlett
  2. 4.
    For Frankrike sin del sitt verknadene av Code Napoléon att den dag i dag. For store delar av Europa blei prinsipp frå den franske revolusjon – fridom, likskap og brorskap – spreidd utover. Trekk frå fransk kultur sitt enda att i fleire land. Rundt om i Europa klarte Napoleon også skape nasjonalkjensle hos fleire. I Italia bidrog dette i sin tur til at landet blei ein samla nasjon. Denne nasjonalkjensla blei også viktige for Polen som fekk håp om sjølvstende.
    Også på det amerikanske kontinentet påverka Napoleon. For USA sin del fekk dei eit større landområde då dei fekk kjøpe opp Louisiana-området som var ganske stort.
    Ved at Napoleon okkuperte Spania fekk dei spanske koloniane i Sør-Amerika eit fritt spelerom i kampen for sjølvstende. Dette blei eit ledd i kampen.
    Dagens Haiti var på denne tida ein fransk koloni. Under Napoleon si tid oppnådde dei sjølvstende då keisaren ikkje hadde tilstrekkelig med tid til å styre dei.
    For Noreg hadde Napoleon sitt styre verknader gjennom at feltmarskalk Bernadotte (Karl Johan) blei sett på den svenske trona. Sidan Norge stod på den tapande sida etter napoleonskrigane kunne Karl Johan gjere krav på landet. Prinsipp frå den franske revolusjon bidrog til at vi i 1814 kunne skape vår eigen grunnlov.
    I tida etter Napoleonskrigane kunne ein tydeleg sjå at makta hadde hamna hjå Storbritannia og deira allierte. Dette bana vegen for den vidare gongen i verdshistoria. Napoleon Bonaparte er i seg sjølv eit viktig kapittel i verdshistoria.

    SvarSlett
  3. Napoleon var en viktig karakter i Europa, og folk så opp til han. Han ble en svert viktig person fordi han økte makten til Frankrike. Frankrike ble en viktigere stat og dette fikk å si noe på økonomien for innbyggerne, som økte. I innlandet fekk innbyggerne nye rettigheter som de tok godt nytte av.
    Napoleon var uvenn med Storbritannia og den russiske tsaren var missfornøyd med keiseren. Det gjekk gale fordi russerne brukte en så kalla brent jord-taktikk kor dei brant byen til grunnen, slik at franskmennene ikke hadde noen steder å sove. Det var kaldeste vinteren og folk frøs. Det ble etter hvert ordre en tilbaketrekning.
    Store trekk fra fransk kultur er eksempel på forandringer vi ser den dag i dag. I mange land i Europa skapte også Napoleons krigene nasjonalfølelsen. I Italia for eksempel førte dette til at Italia ble en samlet nasjon. Haiti blant anna fikk selvstyre etter at Napoleon ikke hadde nok tid til å styre dem. I Norge så fikk vi Karl Johan som svenskekonge, fordi Norge var en tapernasjon, derfor kunne Karl Johan kreve langet. En konsekvens etter Napoleons krigene var at Storbritannia nå fikk større makt og flere allierte.

    SvarSlett